SÆTHER GÅRD: – Dette er andre året på rad med denne ordninga, og telefonen har gått varm, fortel Rekstad. Då koronaen ramma landet i fjor mangla han arbeidskraft, men dette løyste seg raskt.

– Ja, gjennom Sparebank 1 kan ungdommar søke på sommarjobbar i Midt-Norge. Og dette er arbeidstakarar av øvste klasse. Eg er veldig fornøgd med innsatsen deira. Dei er svært arbeidsame og eg treng ikkje kontrollere arbeidet deira. Denne gjengen er til å stole på, seier Rekstad.

I 2020 fekk heile 750 unge sommarjobb gjennom denne ordninga.

LES OGSÅ: Sjekk hvilke Levanger-bedrifter som får støtte til sommerjobb for ungdommer

Frå luking av ugras til maling

På Sæther Gård blir ein del av grønsaksarealet dyrka økologisk. For å kunne drive økologisk kan ein ikkje nytte kjemisk-syntetiske plantevernmidlar, og dei må fjerne alt av ugras for hand.

I solsteiken på åkeren ved Sætersmyra er ungdommane i full drift.

– Me skal fjerne dei her, svarer Maren Toldnes Granli (17), Mali Toldnes-Nøstberg (17) og Hanna Toldnes-Nøstberg (15) og peiker på ein tistel. I tillegg har dei hatt i oppgåve å plante, hauste og pakke grønsaker. Og ryktet seier at det kan bli maling av hus etter kvart. Dei skal nok ikkje gå tom for arbeidsoppgåver med det fyrste.

Godt tidspunkt for lærarstreik

– Det passar bra med lærarstreik no. Då får me jobba meir. Det er heilt topp å få vera ute i sola, og bli brune, seier Maren. Ungdommane ser ikkje mørkt på nokre dagar utan skule, og nyttar anledninga til å få spedd på lommeboka.

– Eller me ender vel opp med ordentleg bondeskille, flirer Mali.

Rekstad sjølv legg til at han køyrer halv dag med T-skjorte og halv dag utan. Også er det viktig å passe på hovudet. Her er det berre faktor 50 som gjeld, humrar han.

– Bondeskille, ja! Er det tre framtidige bønder som står framfor meg?

– Nja, trur kanskje ikkje det. Bondeskille er topp det, men ikkje grunn god nok til å bli bonde, flirer ungdommane.